Harald Eia

Harald Eia

Pseudonym Hans Ruben Velsand, Rubenmann
Statsborgarskap Noreg
Fødd 9. februar 1966 (58 år)
Bærum kommune
Yrke sosiolog, programleiar, komikar, skodespelar, manusforfattar, avisbud
Høgd 183 centimeter
Ektefelle Anne Ryg
Harald Eia på Commons

Harald Eia (fødd 9. februar 1966 i Bærum) er ein norsk komikar, tekstforfattar og skodespelar. Han er kjent for ei rekkje humorprogram på NRK, i samarbeid med mellom andre Bård Tufte Johansen og Atle Antonsen.

Eia gjekk på Valler VGS og jobba som avisbod i nokre år før han begynte ved Universitetet i Oslo. Han har filosofi mellomfag, matematikk og data grunnfag. Han leverte hovudoppgåva Lidende ledere og kompetente kalkulatører – næringslivsfolks symbolske kamper i sosiologi i 1992. Teatersportgruppa hans vart nordiske meistrar i 1994.[1]

Hausten 2007 vart det kjent at Eia og kona hans, skodespelaren Anne Ryg, skulle skiljast.[2]

  1. «Harald Eia: fra Rykkinn til Marienlyst (via Blindern)». NRK. 3. januar 2002. Henta 20. juni 2010. 
  2. Dagbladet.no:- Jeg er småsyk og Eia er nyskilt og sover dårlig, arkivert frå originalen 24. mai 2008, henta 2. november 2010 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy